Ørsta-apoteket misser kontrakt etter samarbeid om innkjøp

Apotek 1 i Ørsta misser ein viktig leveranse til Ørsta kommune. Det skjer fordi kommunen er i eit stort innkjøpssamarbeid, og har fått ny leverandør etter nyttår.

Styrar: Aleksandra Bacia er leiar ved Apotek 1 i Ørsta, og registrerer at storkontrakten på medisin til kommunane hamna hos ein konkurrent.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

– Det er klart vi merkar dette. Det representerer fem prosent av omsetninga vår, men heldigvis går det ikkje utover dei tilsette. Vi hadde ei vakant stilling som vi no reduserer stillingsprosenten på, fortel apotekstyrar Aleksandra Bacia til Møre-Nytt.