Tre nye band til Malakoff

«Nye Highasakite», dansk black metal-sensasjon og landets herlegaste band besøker Malakoff til sommaren.

Til Eid: Highasakite kjem til Malakoff i sommar. Pressefoto  Foto: Pressefoto

Nyheiter

– Konserten Highasakite hadde i amfiet i 2014 står fram som ein av dei aller sterkaste opplevingane vi har hatt på dei 17 åra vi har arrangert Malakoff. No kjem attende som eit revitalisert band med ei fantastisk fin ny plate og mange strålande gamle hits i sekken, seier ein tydeleg fornøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

I tillegg får festivalen på Nordfjordeid besøk av mystiske og majestetiske Myrkur, som er eit stemningsfullt einpersonsprosjekt beståande av den danske songwriteren, songaren og multi-instrumentalisten Amalie Bruun. Siste tilskotet på Malakoff-lineupen er dei folkekjære punk-rockarane i The Dogs.

– Dei tek med seg ny herleg musikk, sin særeigne sound og enorme speleglede til Malakoff19, heiter det i pressemeldinga.