To år med ledebil gjennom Strynefjellstunnelane

Statens vegvesen skal byte ut elanlegget i Strynefjellstunnelane. Det fører til to år med ledebil og kortare stengingar i tunnelane.
Nyheiter

– Prosjektet går ut på å byte ut alt av elektrisk anlegg i dei to nedre tunnelane på Strynefjellsvegen. Planen var å ta alle tre tunnelane, men det er ikkje nok pengar til det. Prosjektet var lyst ut også i fjor, men tilboda som kom inn var for høge i forhold til budsjett. Difor vart arbeidet utsett og prosjektet redusert frå tre til to tunnelar, opplyser Arvid Beinnes, byggjeleiar elektro på prosjektet til Fjordingen.

Anbodsfristen for prosjektet er 21. februar. Beinnes meiner at oppgraderinga no er naudsynt sjølv om regjeringa har bestemt at det skal byggast ein ny lang tunnel på Strynfjellsvegen.

– Nei, grunnen til at vi gjer dette no er at situasjonen er prekær. Forholda er så dårlege at det må takast for å unngå stenging.

Gjennom utbetringsarbeidet vil det blir betre lys i tunnelane. Det vil ikkje bli graving i vegbana, og Beinnes opplyser at dei legg opp til kortare stengingar.

– Vi legg opp til å gjere ein tunnel ferdig før vi tek den neste, og legg opp til å køyre ledebil kontinuerleg under arbeid. Det kan bli opptil ein halv times stenging i periodar. I utgangspunktet vert det ikkje lagt opp til nattarbeid, men om det vert det, kan det bli stenging på to timar om nettene. Så vert det stogg i arbeidet i sommarmånadene på grunn av turisttrafikken, seier Beinnes til Fjordingen.