– Ikkje alle er sofasitjarar

Råd for funksjonshemma ber om fortgang med å få gode stolar på venteromma på legesenteret.

Vallamarka: Råd for funksjonshemma ber om gode stolar på venteromma på Vallamarka.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

– Det er ikkje alle som er sofasitjarar! RFF får førespurnader om at sofarekkene på venteromma på legesenteret er «trasige», vanskelege og skaper problem for folk. RFF har tidlegare bedt om at det blir framsett gode stolar med rett høgde og armlene på kvar side. Tilsette ved legesenteret seier at dei har bedt om det same, skriv Karen Høydal i eit brev til Ørsta kommune.

Ho vil no gjerne vite grunnen til at dette ikkje har blitt gjort.

– Dette bør vi få klarlagt.