Uhaldbar situasjon i jordskifteretten:

Ventetid på inntil tre år

– Ventetida for å ta nye saker til handsaming er inntil tre år for enkelte sakstypar.

– Uhaldbart: Arbeidet hopar seg opp for dei tilsette i jordskifteretten. 

Nyheiter

Det heiter det i årsmeldinga til Sunnmøre jordskifterett som er lokalisert i Ørsta.

– Stor saksmengd og innsparingstiltak med redusert dommarkapasitet over fleire år, har medført store restansar og lang sakshandsamingstid ved jordskifteretten. At ei dommarstilling nok ein gong står ledig forverrar sjølvsagt situasjonen. Arbeidet hopar seg opp.

– Situasjonen er uhaldbar både for tilsette og dei som rekvirerer saker, heiter det i årsmeldinga.

Jordskifteretten skal bidra til å løyse problem knytt til fast eigedom. Dei klargjer grenser og rettsforhold, løyser opp sameige, omformar eigedomar ved arealbyte og fastset reglar for sambruk mellom eigedomar.

I 2018 vart tjueåtte saker avslutta i jordskifteretten. Det kom inn tretti nye saker, og ved årsskiftet hadde jordskifteretten nittiåtte saker til handsaming. Av sakene som vart avslutta omhandlar femten av dei endra arealbruk og tretten saker gjeld klarlegging av grenser og rettsforhold. Av nye saker i 2018 er tretten saker av rettsendrande karakter, medan sytten saker er knytt til uklare grenser og rettsforhold.