Ørsta og Volda kommunar

- Samarbeider godt om grensejusteringa

Om under eit år kan dei som vil på Bjørke kalle seg voldingar. Det er nok ikkje alle som vil det.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Nokre frykta vanskar, men ifølgje Ørsta kommune går samarbeidet med Volda om grensejusteringa av Bjørke og Viddal godt. 

Som kjent er det nye Volda kommune som tek over ansvaret for innbyggjarane på i området Bjørke og Viddal om eit knapt år.

- Målet er å gjere overgangen for innbyggjarane så smertefri og saumlaus som mogleg, skriv Ørsta kommune på heimesidene sine.

 Ei interkommunal arbeidsgruppe har arbeidd med å kartlegge og klargjere tenester og eigedomar som skal overførast frå Ørsta til nye Volda kommune i samband med grensejusteringa. Det vidare arbeidet skjer direkte mellom dei respektive einingane i kommunane.


Landbruk:

Ørsta og Volda har over lengre tid hatt felles landbrukskontor, det vil difor ikkje vere praktiske endringar for innbyggjarane. Det er derimot sett i gang arbeid med å få Hornindal inn i dette samarbeidet.
 

Skule og barnehage

Når det gjeld skule og barnehage, vil avtalar om skule- og barnehageplass med Volda og Hornindal kommunar gå vekk frå 01.01.2020. Det vil ikkje bli stor endring for innbyggjarane på dette området, ettersom borna frå Bjørke og Viddal allereie går på skule og i barnehage i nye Volda kommune.
 

Helse og omsorg

Omfanget av helse- og omsorgstenester til innbyggarane på Bjørke og Viddal er generelt lite, og omleggingane som skjer i samband med å overføre tenestene til nye Volda kommune vil dermed føre til små endringar.

- Fleire av dei som nyttar seg av helsetenester gjer allereie dette i Volda i dag, då innbyggjarane fritt kan velje kvar dei vil ha fastlege, skriv kommunen.

Nye Volda vil ikkje få tilgang til tidlegare informasjon om brukarar av ulike tenester utan at brukar har gitt samtykke om dette.

- Det vil altså bli spurt om samtykke til å flytte tidlegare informasjon om brukarar frå Ørsta til Volda ved behov.
 

Tekniske tenester 

- Tenestene er omfattande, noko som krev mykje arbeid og ressursar for å finne gode løysningar. Dei nye kommunegrensene er allereie fastsette av Kartverket. Kommunane har ikkje fått høve til å uttale seg om dette på førehand, og har heller ikkje klagerett. Det er dermed ikkje avklara kvar eigedomsgrensene i fjellutmarka går, eller kven som er eigarar av fjellutmarka. Kartverket understreka at kommunegrensa står fast, og at grunneigarane i enkelte høve vil ha eigedom i begge kommunane. Det er derimot usikkert kor stor praktisk verknad dette vil få i framtida, skriv Ørsta kommune.
 

Vatn og avløp har private ordningar og renovasjonen vil framleis vil bli utført av VØR. Detaljar om feiing vil bli handtert direkte mellom einingane i kommunane.
Nye Volda kommune vil ta over og drifte dei 7530 meterane med kommunal veg. Volda kommune vil frå 1. januar 2020 ta over gjeldande avtale for snøbrøyting som gjeld fram til vinteren 2019/2020.
Når det gjeld beredskap tek Volda over ansvaret pr. 01.01.2020. Dette gjeld også brann- og redningsvern, men det er ikkje avklart i detalj korleis dette vil skje. Arbeidet med dette er sett i gang.
Ørsta kommune sin del av arealet til Storfjord kyrkje, vil verte overført til Volda kyrkjelege fellesråd.