Sola-Volda 28-22

Så kom tapet for Volda-damene

Volda klarte ikkje å slå den suverene serieleiaren Sola søndag. (arkiv) 

Nyheiter

Volda var berre to mål bak Sola med åtte minutt igjen å spele, men tapte 22–28 for den suverene serieleiaren.

På sidelinja var Volda-trenar Halldor Stefan Haraldsson til tider svært frustrert og rev seg i håret over nokon av dommaravgjerdene, og dommarane gav islendingen gult kort for protestar.