Positive til 40-sone i Ørsta sentrum

Den regionale fråviksgruppa støttar Ørsta kommune sitt syn om 40-sone i sentrum. No skal vegdirektoratet avgjere saka.

Usemje: Vegvesenet meiner at ei førtisone på E39 gjennom Ørsta, saman med gangfelt og busstopp, slik kommunen ønskjer, er å jamføre med ei miljøgate. Kommunen på si side meiner at med den gateprofilen som er lagt til grunn, handlar ikkje dette om ei miljøgate. No skal Vegdirektoratet avgjere saka. Foto: Kjell Arne Steinsvik 

Nyheiter

Statens vegvesen har argumentert for at Ørsta kommune vil ha ei miljøgate på E39 gjennom områdeplan for Ørsta sentrum. Ørsta kommune ønskjer fartsgrense med 40 km/t gjennom sentrum, men dette ønskjer ikkje vegvesenet då dei meiner dagens 50-grense gjev betre flyt. Vegvesenet meiner at ei førtisone, saman med gangfelt og busstopp, er å jamføre med ei miljøgate, noko som krev eit fråviksvedtak for europavegar. Kommunen på si side meiner at med den gateprofilen som er lagt til grunn, handlar ikkje dette om ei miljøgate.