Morsdag i 100 år

Nyheiter

I Noreg vart morsdagen markert for første gong 9. februar 1919. Hundre år har gått. Det var eit initiativ frå to kvinner i Oslo som utløyste det heile då det seinhaustes i 1918 vart bestemt at morsdagen også skulle skipast til i Noreg. Tanken om å bruke andre søndag i februar var at kalenderen var «ledig» for slike feiringar på denne tida av året. Datoen er ulik i andre land, – i Sverige og Danmark er det morsdag i mai. I grunn- tanken var det også med vilje til å skape ei familierelatert markering.

Då vi var born, var det vanleg at morsdagen vart markert med noko vi hadde laga sjølv. På skulen teikna vi morsdagskort, og vi var stolte når mor fekk det gilde kortet søndagsmorgonen. Med krokete bokstavar kunne vi ha skrive: «Mor, i dag er det dagen din, i dag skal handa di kvile». Kanskje det også var med eit raudt hjarte og ei teikning som skulle likne på mor? Men, – mor hadde nok like mykje å gjere denne dagen som andre dagar.

Det er mange som har preika lovord om mor (og far) som dei faste haldepunkta i heimen. Diktar- presten Anders Hovden (1860–1943) sa det slik i ein stemnetale i 1914: «Lat oss skyna foreldri våre! Det er den største gleda dei kan få. […] Lat oss vedkjenna oss vår mor, lat oss lyfta henne i hjartefamn høgt opp for all verdi […] for alt det ho hev ofra for oss. Lat oss gleda henne, liksom vesleguten gjorde. Han var van med at mori ‘bles på’ når han hadde slege seg. Og ein gong mori gret so sårt, kraup veslen upp i fanget hennar og sa medynksamt: ‘Bane båse på!’. Då sprengde smilen gjennom tåra. Og tru meg, betre medisin fær du aldri på apoteket. Det er samhugen som grøder hjartesåri. Og det er just slikt hjartelag i kvardagslivet som gjer livet verdt å leva. […] Stråleringen frå barneheim og foreldre legg seg til sist um heile folket og heile landet».

Innhaldet i morsdagen har endra seg mykje. Dei kommersielle kreftene har sett potensialet i profilering av morsdagen. Det ser ein best i aviser frå dagane i tida før morsdagen. Der er det tidsbilete som viser kva marknaden hadde merksemd på i framskridne tider. I 1930 gav Bladkompaniet ut eit eige hefte for morsdagen, «Hilsen til Mor». Dugande teiknarar har illustrert seriar med morsdagskort, mellom andre Milly Heegaard (1908–1970), som kombinerte aktuelle tekstutdrag med skildrande teikningar.

Tradisjonelle morsdagskort er sjeldnare i bruk. Dei har no ei utforming som er prega av moderne tider, og som skal vere forteljande og kule på ein heilt annan måte for å sjarmere mødrer i yngre alder, – med samtidsbilete der innhald og uttrykk understrekar at mykje har utvikla seg i høve til morsdags- feiring knytt til ulike generasjonar. På fleire vis er det no slik at mødrer og born er nærmare kvarandre i kvardagsopplevingane enn før. Det er såleis usikkert om morsdags- korta framleis gir dokumentasjon og formidling av soga til mors- dagen, men som illustrasjonar har slike kort mykje å fortelje og bere vidare til tider som kjem. På ymse vis vil nok morsdagen vere med i kontakten mellom generasjonane. Helsingane til mor kan i dag like gjerne, og i mykje større omfang, nå fram gjennom elektroniske media, som også er i stor endring. Du kan framleis helse: «Eg er glad i deg, mor!»