Landbrukstoppane samla seg i Ørsta:

– Mange er ikkje klar over driveplikta

Fylkeskommunen, bondelaga og kommunane tek grep for å gjere innhaldet i bu- og driveplikta kjent for grunneigarane.

Møte om driveplikt: Representantar frå Ørsta kommune, Volda kommune, Hornindal kommune, Møre og Romsdal bondelag, dei lokale bondelaga og fylkeskommunen var samla i Ørsta torsdag.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Når du har ein eigedomsrett så følgjer det med ein del plikter på at jorda blir driven. Viss du ikkje driv sjølv så pliktar du å skrive ein tiårig leigeavtale med nokre som kan drive.

– Det er frykteleg vanleg at folk har forsømt seg med dette. Kommunane har ikkje prioritert å følgje opp lovverket, men no er det prioritert sentralt frå Landbruksdepartementet. Fylkesmannen har og fått oppdraget. Uavhengig av det har vi i Bondelaget og Småbrukarlaget sett at dette blir eit større og større problem. I fjor tok vi initiativ til at no må byrje å ta tak i problematikken, seier leiar Oddvar Mikalsen i Møre og Romsdal bondelag.