Sa ja til Storgata-plan

Volda formannskap har sagt ja til regulering i Storgata.

Bygg: Slik kan det verte sjåande ut i Storgata i Volda viss alt går etter planen. Foto: Per Mulvik. 

Nyheiter

Prosjektet handlar m.a. om ei stor blokk i Storgata som skal innehalde leilegheiter og areal til forretningsføremål.

Redaktør i avisa Møre, Tore Aarflot, er mellom dei som står bak planane.


Vil byggje 17 meter over bakkenivå

Ønskjer å bygge fem etasjers blokk som reiser seg 17 meter over bakkenivå i Storgata i Volda.

 

Fleirtalet i formannskapet var ikkje samd med administrasjonen si tilråding i saka. Administrasjonen ville setje vilkår om at vegareal i Storgata frå kryss Seljebakken/Kyrkjegata til og med Storgata 5 skulle inngå i planområdet, og at forslagsstillar kunne ta med arealet nord for Storgata 9 i planavgrensinga.

Fleirtalet sette derimot vilkår om at Storgata, forbi Storgata 7 og 9 vert forkøyrsveg og får redusert fartsgrense, og at planen kan då kan gjennomførast.

Odd A. Folkestad og Dan Helge Bjørneset reiste framlegget.