Snikk snakk med Skjalg Longva

På etterskot: Lihkku beivvin!

Kronikkforfattar: Skjalg Longva.  Foto: Svein aam

Meinig Hansen var ein fenomenal representant for folket sitt

Nyheiter

«Kva for ein superhelt likar du best, godfar?» Det var eit barnebarn som spurde. Og den første eg tenkte på, var naturlegvis Tor. Eller Thor som han heiter i Hollywood. Sidan kom eg på ein annan superhelt: Meinig Hansen. Eg hugsar ikkje kva han heitte til fornamn. Eg er heller ikkje heilt sikker på kvar han var ifrå. Var det Birtavarre? Eg er neimen ikkje sikker.

Men eg hugsar at Hansen var fiskar og sjøsame. Eller ér sjøsame, viss han framleis lever. Det veit eg heller ikkje. Men eg veit at Hansen var eldst i ein syskenflokk. Det vart sagt at han miste far sin som tolvåring. Sidan vart det lite med skulegang. Hansen vart familieforsytar.