Klima var tema under Landbrukskonferansen:

– Vi i landbruket skal høyre på Gunhild Stordalen

Klima var hovudtemaet under årets Landbrukskonferanse i Ørsta. Leiar i Hjørundfjord bondelag, Knut Hustad, er klar på at bøndene ikkje er klimaverstingar, men at dei og skal høyre på det Gunhild Stordalen formidlar.

Ikkje klimaversting: Leiar Knut Hustad i Hjørundfjord bondelag meiner at bøndene ikkje er ein klimaversting, men at dei må høyre på det mellom andre Gunhild Stordalen formidlar. 

Nyheiter

– Folk må få lov til å vere både veganar og vegetarianar. Vi bønder skal produsere maten til dei og. Viss vi og kan kutte litt i kjøtforbruket, for å forureine mindre, er det flott. Ein svensk forskar har funne ut at å kutte ut kjøt så får du cirka to prosent meir pengar å rutte med. Viss vi brukar dei pengane og set oss på eit fly til Syden er miljøgevinsten vekke. Det må vere ein samanheng mellom forbruk og kutt, sa Hustad til publikummet på landbrukskonferansen.