Engesetfonna knuste soverommet

Øyreverk redda Grete

– Engesetfonna har på mange måtar prega heile livet mitt. Eg vart bråvaksen.

Kompakt: Grete Bjørdalsbakke, den gong 18 år, fotografert i Engesetfonna. Dei kompakte snømassane vart fylt av knekte tre, og restar frå eit heilt bustadhus. Det gjorde også leitinga etter dei som var sakna ekstra vanskeleg. Foto: Jostein O. Mo  Foto: Jostein O. Mo

Nyheiter

Grete Bjørdalsbakke er 18 år i 1979 og har rom på loftet heime i Haslevegen på Engeset. Men den siste tida har ho vore plaga med sår hals og øyreverk. Dei siste dagane har ho difor valt å sove på eit rom i hovudetasjen, der det er litt varmare. Forma er laber. Natt til 10. februar 1979 vel ho difor å legge seg på stova, der det er vedomn.


Tre menneske miste livet

40 år sidan Engesetfonna

«Om lag klokka 08 i dag tidleg gjekk den såkalla Fonna nedover Engeset i 150–200 meters breidde og knuste eit hus totalt, eit anna vart nesten nedrive og fem andre vart påført store skader.»



40 år sidan rastragedien

Unike bilde frå Engesetfonna

- Eg opplevde det som svært dramatisk.

 

Om morgonen kjem Engesetfonna. Ho stoppar i huset til familien Bjørdalsbakke. Heile rommet der Grete har sove dei siste nettene er fylt av kompakt snø, frå golv til tak. Senga er pinneved. Kjøkkenet har også fått ein real omgang av fonna.