Rotlaus er nominert i to kategoriar

Kan få Spellemann

Opp med flagget: Rotlaus er nominert til Spellemannpris i klassene «Årets nykommer» og «Årets album».

Nominert: Rotlaus og Bjørn Marius Øyehaug er nominert til to Spellemannprisar.   Foto: Anne Karin Eikeland

Nyheiter

«På veg» heiter plata det populære Ørsta-bandet er nominert for.

Sjølv om det er eit par veker sidan Rotlaus-sjef Bjørn Marius Øyehaug og resten av bandet fekk melding om at dei var nominerte til to spellemannsprisar, har det framleis ikkje gått opp for dei at dei kan vinne dei gjævaste musikkprisane i landet.