Fryktar for framtida til Søre Sunnmøre tingrett

Regjeringa føreslår å samle behandlinga av barnesakene i nokre tingrettar. Sorenskrivar Elisabeth Wiik i Søre Sunnmøre tingrett fryktar for framtida til tingretten om dei misser desse sakene.

Uro: Sorenskrivar Elisabeth Wiik i Søre Sunnmøre tingrett fryktar at ei sentralisering av barnesakene vil vere starten på slutten for Søre Sunnmøre tingrett. Arkivfoto  Foto: Janne-Marit M. Falch

Nyheiter

– Vi foreslår å samle behandlinga av barnesakene i nokre tingrettar. Meir spesialisert behandling gir auka kompetanse og erfaring hos dei aktuelle dommarane. Oppfølginga vil inngå som ein naturleg del av Domstolskommisjonen sitt arbeid og regjeringa si oppfølging av dette, seier justis- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (Frp) i ei pressemelding.