Nedlegging av Mork rehab-senter?

Får meir tid før dommen

Dei tilsette ved Mork rehabiliteringssenter har blitt delvis høyrde, og får meir tid på seg til å for å hindre nedlegging.

Representerte Mork: Anita Nybø og Marte Husøy. Foto: Per Ove Stige , Sunnmørsposten  Foto: Per Ove Stige - Sunnmørsposten

Nyheiter

Leiinga ved sjukehuset i Ålesund har bestemt at det ikkje vert fatta avgjerd i saka som gjeld omlegging av rehab-tenestene før i styremøtet i helseføretaket 27. mars. Det betyr ein månad ekstra til å jobbe med saka for dei tilsette ved Mork.

Samstundes har plasstillitsvald Marte Husøy og avdelingsleiar Anita Nybø ved Mork fått plass i styringsgruppa som skal arbeide vidare med saka.