No skal dei velje yrkesvegen

Dei komande tre vekene vert spennande og viktige for Tom-Erik Svanemyr og Iver Flo Volle. Dei skal bestemme seg for utdanningsretning og mogleg yrkesval.

Spente: Odd Erik Hovden, Sindre Rudi, Torbjørn Sande, Tom-Erik Svanemyr og Iver Flo Volle er spente på rekrutteringa i bygg-og anleggsbransjen.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

– Det er ikkje fritt for at eg tenkjer på det om nettene, seier Iver Flo Volle, ein av tiandeklassingane som onsdag var med på byggjedagen til Ørsta vidaregåande skule og Bygg- og anleggsgruppa i Ørsta.