Gir 200.000 kr til osteoporosemaskin

Frå oppstartsmøtet til innsamlingsaksjonen. Synnøve Rekkedal Hill og Karen Høydal har teke initiativ til innsamlinga som no nærmar seg målet.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Tysdag gjekk Ørsta formannskap inn for å gje 100.000 kroner til innsamlingsaksjonen for ny Dexa-scanner ved Volda sjukehus. Dekninga av tilskotet vert gjort frå formannskapet sin reservepost. Volda formannskap har og gitt 100.000 kroner til innsamlingsaksjonen. Før jul var det samla inn over 900.000 kroner, og med løyvingane frå kommunane er dei snart i mål og ny maskin kan kjøpast inn.