250.000 til realisering av fabrikk i Ørsta

Tre tiltak har no fått løyvingar frå Næringsfondet i Ørsta.

Arctic Nutrition held til på Rystelandet i dag og har planar om ny fabrikk.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Arctic Nutrition får innvilga 250.000 kroner frå Næringsfondet i Ørsta til eit forprosjekt for å kome nærare realisering av eigen fabrikk i Ørsta.

Det er venta at slik utbygging vil kunne gi mange nye arbeidsplassar i kommunen. Formannskapet gjorde eit samrøystes vedtak i saka.


Arctic Nutrition

Vil bygge fabrikk for silderogn på Rystelandet

Arctic Nutrition girar no opp planen om å bygge fabrikk for produksjon av kosttilskot og legemiddel basert på silderogn.


Etableringa av fonndokumentasjonssenter på Sæbø har fått ei løyving på 50.000 kroner frå Næringsfondet. Hjørundfjord kulturvernlag har inngått avtale med eigarane av Dampskipekspedisjonen om leige av lokale.


Hjørundfjord kulturvernlag tek initiativ

No skal skredulykkene i Ørsta dokumenterast i eige senter

Hjørundfjord kulturvernlag vil etablere eit dokumentasjonssenter for fonner og skredulykker i Hjørundfjorden og Ørsta.


I tillegg er det løyvd 32.600 til Destinasjon Ålesund Sunnmøre som skal arrangere Norwegian Travel Workshop i april i år. Hjørundfjorden har eit spesielt fokus under reiselivsmessa, og det er planlagt fleire turar i fjorden for deltakarane.


Hjørundfjorden vert sentral under Norwegian Travel Workshop

– Dette er ein unik sjanse

– Dei som kjem hit gler seg og dei skal vere dei beste Sunnmørs-ambassadørane når dei reiser herifrå.