Sa nei til brannvernsamarbeid

– Er open for å sjå på eit samarbeid, men vi må ikkje svekke vårt eige brannvern

Med fem mot fire røyster sa Ørsta formannskap nei til eit formalisert samarbeid innan brannvern på Søre Sunnmøre.

Skeptisk: Paul Kristian Hovden var svært skeptisk til utgreiing av felles brannvernsamarbeid på Søre Sunnmøre. Fleirtalet i formannskapet sa nei til utgreiing og dermed går ikkje saka vidare til kommunestyret.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

– Redningspersonell frå Ørsta brann og redning er i dag i stor grad først framme på ulykkesstader. Ei endring i tilbodet vil gjere situasjonen mykje dårlegare. Eg tykkjer det er lite konsekvensar i utgreiinga, sa Paul Kristian Hovden (KrF) under debatten om brannvernsamarbeid.

Det har i lengre tid vore arbeidd for ei samordning av tenester som kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven gjev med Ørsta og Volda. Eitt av områda det har blitt teke initiativ til ei fagleg utgreiing er samarbeid om brannvern. Volda kommune har blitt førespurd, men grunna samanslåinga med Hornindal vil dei vente med ei eventuell deltaking. I formannskapet i Ørsta var det fleire kritiske røyster til at det skal brukast meir tid på utgreie eit slik samarbeid. Hovden viste til at eit slikt samarbeid har blitt utgreidd to gonger før utan at det har materialisert seg.