Vil ha fram alle fakta om Mork på Molde-møte

Når representantane for Ørsta og Volda kommunar reiser på ROS-møte i Molde torsdag, er det med krav om å få fram alle fakta i saka om Mork rehabiliteringssenter.

Mork-senteret: Ørsta og Volda kommunar vil argumentere kraftig i mot nedlegging av Mork rehabiliteringssenter på eit møte i Molde torsdag.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nedlegging av velfungerande fagmiljø som ved Mork og Aure vil truleg føre til ei fagleg svekking av rehabilitering i Møre og Romsdal totalt sett.

Nyheiter

I eit førebels notat som kommunane har utarbeidd før møtet, slaktar dei rapporten frå faggruppa. Rapporten kom sist fredag.

– Rapporten ovanfor inneheld ikkje ei fullgod risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). Ein slik analyse føreset ein gjennomgang av heile behandlingstilbodet og kva konsekvensar som vil kunne oppstå i ulike ledd. Tilsvarande også konsekvensar for pasientar, tilsette og samarbeidspartar, heiter det i notatet, som er ført i pennen av ordførar Jørgen Amdam i Volda.