Ørsta Høgre

Vatne toppar lista og er ordførarkandidat

Som varsla allereie i fjor haust, er Anne Sølvi Vatne Ørsta Høgre sin toppkandidat og ordførarkandidat til kommunestyrevalet.

Frå venstre Per-Are Sørheim, Einar Åmås, Bjørn Støylen, Birgitte Schytte Sætre, Rigmor Nekstad, Inger Sandvik Sundnes, Anne Sølvi Vatne, Kim Thorup, Brit Aanning Aarseth og Sjur Aarestrup.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Partiet har hatt nominasjonsmøte, og på lista er både partiveteranar og nykomarar.

– Lista er ei blanding av kjende og nye namn, med god spreiing i alder, erfaring og tilknyting til nesten alle delar av kommunen, heiter det i ei pressemelding.

Anne Sølvi Vatne frå sentrum/Åmdalen vart formelt vald til Ørsta Høgre sin ordførarkandidat på nominasjonsmøtet. Vatne takkar for tilliten, og ser fram til å drive valkamp.

Ho seier at det skal bli spennande å sjå kven som endar opp med ordførarklubba til slutt, og håper sjølvsagt at Høgre stikk av med ordførarvervet.

Ørsta Høgre er i full gong med sitt arbeid med program, der heilskapleg og langsiktig politikk er i fokus.

Helga 2.–3. februar deltok Ørsta Høgre med fem delegatar på fylkesårsmøtet i Kristiansund, der det med anna vart vedtatt helsesatsing i fylket. Det var eit sameint årsmøte bak resolusjonen.

På andre- og tredjeplass på lista står Per-Are Sørheim frå Åmdalen, og Inger Sandvik Sundnes frå sentrum. Dei har vore leiande i Ørsta Høgre inneverande periode.

Vidare på lista er Einar Holsvik, Hovdebygda, og Ann-Karin Sætre, Vartdal, som tidlegare har hatt fast plass i kommunestyre og i hovudutvala. Dei neste namna er nye på lista, men ikkje i politikken. Terje Koppen, Rigmor Nekstad, Sjur Aarestrup og Ann Karin Yndestad, sikrar bredde og kompetanse inn på lista. Aarestrup melder overgang frå Venstre.

– Ørsta Høgre skulle ynskje at det var fleire kvinner på lista, men dette er ei utfordring dei fleste parti kjemper med. Det er også vanskeleg å få dei yngre til å stille på liste, då dei fleste her er opptekne med utdanning og familieetablering. Vi håper at fleire kvinner vil vere aktive i valkampen, seier Anne Sølvi Vatne.

Ho understrekar likevel at dei har fått til ei liste som representerer stabilitet og nye moglegheiter, samtidig som det er god blanding i alder og kompetanse og som dekkjer dei fleste områda i lokalpolitikken, ifølgje pressmeldinga.