Ny driftsmåte skal gi betre lønsemd

På småbruket Nygaard er der både elvegrisar og skinkehotell

Michael Solhjem har alltid drøymt om eigen gard, men har mangla det viktigaste: garden. Heilt til han ein dag såg ein annonse i avisa.

Kos: Grisane kosar seg på bruket Nygaard på Mo. Der går grisane utandørs frå sommaren til langt ut på hausten. Kjøtet vert selt som kortreist mat, og salet går unna. Alle foto: privat  Foto: Privat

Dette er grisar med garantert krøll på halen fordi dei vert så glade av å gå ute

Michael Solhjem
Nyheiter

I dag brukar Michael (39) og kona Ingrid Kristiansen Solhjem (37) nær all fritid på småbruket Nygaard og verksemda Solhjem gardsdrift.

I tillegg til å byggje opp att eit bruk som har stått tomt i tretti år, driv ekteparet med kjøtproduksjon og sal av kjøtvarer. Dette skal vere berebjelken. Solhjem driv med frilandsgris, difor er grisane alltid ute. Fenalår og pinnekjøt kjem frå sau og lam som har gått høgt til fjells i Moslangedalen.