- Farleg skuleveg manglar skilting

- Eg lurer på kvifor det ikkje er merka med skilt for gangoverfelt i det farlege og sterkt trafikkerte krysset i Håkonsgata.
Nyheiter

Det skriv Tone Rønning til Ørsta kommune.

- I vinter med høge brøytekantar og snø på vegane har det vore umogleg å vite at her er eit fotgjengarfelt med mindre folk som køyrer her er kjende i gata. Vi har to born som går til skule kvar dag, og vi ønskjer at dei skal kome seg trygt fram på ein allereie farleg skuleveg, skriv Rønning, som gjerne ønskjer svar på kvifor der ikkje er skilt som varslar om fotgjengarfeltet.

Her er det eit fotgjengarfelt, men det er ikkje lett å sjå i kvit snø, utan skilt.  Foto: Tone Rønning