Støtte for Mork rehab-senter

Førebur fakkelaksjon - treng frivillege

Støttespelarar førebur fakkeltog for å behalde Mork rehabiliteringssenter

Fakkeltog i desember 2015 for å markere støtte til å halde oppe akuttilbodet ved sjukehuset i Volda. No er det Mork senter som er trua, og treng støtte.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

På Facebooksida "Støttegruppa for Mork rehabiliteringssenter" skriv Reidun Tvergrov Øye at det er tatt initiativ til ein fakkelaksjon.

– Eg har blitt bedt om å dele informasjon om at denne personen treng fleire hjelparar til å klare å gjennomføre ein slik aksjon. Ein har allereie klargjort dette med kommunikasjonsavdelinga for helseføretaket og Mork Rehabiliteringssenter. Dei gir oss løyve!, skriv Tvergrov Øye.

Ho etterlyser fleire frivillige i komiteen.

– For å få til ein slik aksjon treng vi folk som kan tenkje seg å bidra i organiseringa, skriv Tvergrov Øye, og viser til støttegruppa si Facebook-side.