Stort engasjement rundt søppel:

– Sjå på kva du kastar og tenk deg om

I snitt kastar kvar og ein av oss 427 kilo med avfall i løpet av eitt år. Kristine Ullaland prøver å nærme seg ein søppelfri kvardag, og tysdag delte ho sine tankar til ein fullsett sal i Aasen-tunet.

Inspirerte: Kristine Ullaland har ein søppelfri kvardag. Tysdag kveld inspirerte ho mange i Aasen-tunet med sitt foredrag.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Då Kristine Ullaland var student i London i 2012 la ho merke til at britane samla søppelet sitt i bossekkar i gatene. Ho vegra seg for å samle søppelet sitt på denne måten og tok heller vare på det som skulle kastast i veska si. På den måten vart ho meir bevist på kor mykje søppel som samla seg opp i løpet av ein dag. Bevisstgjeringa førte til fleire internettsøk og ho vart kjent med Zero Waste-bevegelsen.

– Eg søkte på avfallsreduksjon og kom over ei Bea Johnson. Ho har levd søppelfritt sidan 2008, og gjort dette saman med sin familie på fire. Kvart år har dei fire til saman eit syltetøyglas kvar med avfall. Viss ein familie på fire kunne redusere sitt avfall i så stor grad, så kunne også eg gjere noko, sa Ullaland.