Ørsta-politikarane vil kjempe for Mork-senteret

– Samfunnsøkonomisk ei katastrofe å legge ned på Mork

Ørsta-politikarane reagerer sterkt på forslaget til arbeidsgruppa om å samlokalisere rehabiliteringstilbodet til Ålesund og legge ned tilboda på Mork og i Aure.
Nyheiter

– Det er ein tragedie å registrere kva som er i ferd med å skje, og det er heilt meiningslaust når du veit kor stor pasientgruppa er som har fått hjelp med. Vi skal ikkje henge med hovudet no og vi må stå i kampen, sa ordførar Stein Aam då Mork rehabiliteringssenter vart diskutert i formannskapet tysdag.