Fylte seksti år

Westkyst-Øyvind vart hylla

Westkyst-musikk-artist over alle bygdene, komponist, produsent, musikar og vokalist Øyvind Lied runda seksti blanke laurdag. Det vart ein funky dag i kyrkja.

Jubilant: Øyvind Lied runda laurdag seksti år. Då hadde han 12-konsert i kyrkja der dei tre kora han dirigerer overraska med samsong og helsingar. Jubilanten var audmjuk over «styret».  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

For å gjere det klart: Det du les vidare inneheld eit kraftig brot på kravet om nøytralitet hjå ein journalist. For det må bli slik når eg skal skrive om jubilant Øyvind Lied. Øyvind er nemleg ein av dei store, musikalske heltane mine. Så då har eg sagt det.

Laurdag hadde Øyvind også 12-konsert i Volda kyrkje, saman med musikalsk «assistent» Janne Grytten Skarstein. Kyrkja var smekk full. Og jubilanten leverte varene og vel så det, saman med Janne Skarstein Grytten som song som ei dronning på nokre av songane.