Vil gi lånegaranti til hall

Administrasjonen rår Volda-politikarane til å seie ja til at kommunen skal garantere for eit lån på 95 millionar kroner for Volda Campus Arena.

Volda Campus Arena: Ørsta har fått sin hall. No planlegg Volda også sin. Planen er å ha hallen klar til hausten 2020.  Foto: Stefan Ekberg Arkitekter AS

Nyheiter

Kommunen skal også forskottere spelemidlar innanfor ei ramme på 27,8 millionar kroner.

Etter planen skal det vere byggestart på hallen våren 2019, og ferdigstilling av prosjektet sommaren 2020.

Prosjektet vart lyst ut på anbod før nyttår, men anbodskonkurransen vart avlyst som følgje av

feil. Volda Campus Arena AS planlegg å lyse ut prosjektet på nytt i veke 5.

Volda kommune er saman med Møre og Romsdal fylkeskommune langsiktig leigetakar i bygget. Kommunen forpliktar seg til ei årleg leige på kr 3,8 mill.

– Volda sentrum som er vertssenter for høgskule, sjukehus og vidaregåande skule, og dei største grunnskulane i kommunen har ein idrettshall frå 70-talet som er kondemnerbar, skriv administrasjonen.

Hallbygginga er frå privat initiativ frå handball- og volleyballmiljøet i Volda, men kommunen er tungt inne for å få realisert hallen.

– Prioriteringa av dette anlegget er ein del av retningsvalet i økonomiplanen der ein satsar på større prosjekt i Volda sentrum. I økonomiplanperioden må ein gjennomføre tiltak for å frigjere ressursar/redusere drifta for å balansere økonomien med høgare lånegjeld og auka økonomiske forpliktingar til samfunnsutvikling, står det i saka.

Totalt er det venta at hallen vil koste 175.300.000 kroner.