Arctic Nutrition

Vil bygge fabrikk for silderogn på Rystelandet

Arctic Nutrition girar no opp planen om å bygge fabrikk for produksjon av kosttilskot og legemiddel basert på silderogn.

Satsar: Potensialet for produksjon av kosttilskot og legemiddel basert på silderogn er svært stort. Her er det Romega det vert fokusert på, eit super omega 3-feittsyreprodukt laga av silderogn. Dei fleste i staben: Frå venstre masterstudent Morten Droas, kvalitetssjef Sigrun Knardal, administrasjons- og kvalitetssjef Marte Frida Grønnevet, sals- og marknadssjef Vibeche Parr, produksjonssjef Per Christian Sæbø, sals- og marknadssjef Marius Nystøl og framme, adm.dir. Ole Arne Eiksund. arkiv  Foto: Roy-Arne Folkestad

Rundt tjue personar vil kunne få jobb på fabrikken som selskapet ønskjer å realisere innan fem år

Nyheiter

Selskapet ser det som mogleg å bygge ein ny fabrikk på eksisterande eigedom i Industrivegen på Rystelandet. Ei grovkalkyle viser totale kostnader på 50–60 millionar kroner, før kostnader til vasskjøling og utbetring av vassforsyning. Rundt tjue personar vil kunne få jobb på fabrikken som selskapet ønskjer å realisere innan fem år.