Programslepp for Bygdepride 2019

Tek Bygdepride til Vartdal

Side Brok/Sirkel Sag, Bohemian Rapsody og Bygdehomo, parade, teater og foredrag er berre noko av det folk kan få med seg under årets Bygdepride. Og sjølvsagt pride på bygda – på Vartdal.
Nyheiter

Tema for årets Bygdepride, frå 8. til 12. mai, er historie, mental helse og bygda. Bygdepride lanserer ein felles hashtagg for desse, og som vil verte nytta i marknadsføringa: #frifråskam, heiter det i ei pressemelding frå Bygdepride.

Historietemaet er felles for alle Pride-arrangementa i Noreg i år. Det er femti år sidan det såkalla Stonewall-opprøret i New York, som vart starten på pride-arrangementa for å synleggjere skeive sine rettar over heile verda.

– Vi meiner vi har eit allsidig, godt og inkluderande arrangement, og gler oss til nokre herlege maidagar. I år som i fjor har vi fått med oss mange medarrangørar. Det er vi svært glade for, seier leiar Anbjørn Steinholm Frislid i Bygdepride Ørsta/Volda.

Bygdepride vart for fyrste gong halde i fjor, med truleg meir enn 5.000 som var med på dei ymse arrangementa.

Teater og kino

Det heile startar onsdag 8. mai i Ivar Aasen-tunet. Der vert det teaterframsyning med «ingen er homo i 2. divisjon».

Stykket er skrive av Carl Morten Amundsen og Andreas Koschinski Kvisgaard, og har gått sin sigersgang kring om i Noreg siste året.

Torsdag 9. mai inviterer Bygdepride i samarbeid med Ørsta kulturhus til vising av dokumentaren Bygdehomo og spelefilmen Bohemian Rapsody.

– Vi er glade for å kunne vise Bygdehomo på heimebane. Filmen vart spelt inn før og under Bygdepride i fjor, og har fått mykje god kritikk, fortel Steinholm Frislid.

Fredag 10. mai vert det søkjelys på skeiv litteratur i Ivar Aasen-tunet, og det vert også arbeidd med foredrag med Tore Holte Follestadog ein samtale om det å vere skeiv på bygda før og no.

Heimegutar på heimebane

– Og så gler vi oss til fredag kveld. Då vert det Bygdepride-party på Rokken. Dei som var med på den kvelden i fjor, gløymer han aldri, seier Steinholm Frislid.

I tillegg til Pineapple Express, som verkeleg fyrte opp stemninga i fjor, kjem også Side Brok/Sirkel Sag.

– At vi har signert eit av dei heitaste banda i Noreg akkurat no, og som tilfeldigvis er frå Hovdebygda, er berre kult, seier Steinholm Frislid.

Parade

Laurdag 11. mai er det parade. I år som i fjor vert paraden i Volda. I fjor veit ingen kor mange som deltok.

– Vi vågar ikkje å håpe på like mange som i fjor, men inviterer alle som ynskjer det til å vere med, skeive som streite. Vi viste i fjor at paraden verken er farleg eller skummel, berre ufatteleg gøy, seier Frislid.

Etter paraden vert det appellar og utdeling av den fyrste Bygdepride-prisen. Han skal gå til ein eller fleire som har merkt seg ut i arbeidet for skeive sine rettar i lokalsamfunnet. Om kvelden laurdag vert det DJ-kveld på Rokken.

Ut på bygda

Bygdepride vert avslutta søndag 12. mai, og styret i Bygdepride gler seg allereie. Då flyttar Bygdepride ut på bygda, til Vartdal.

Der vert det aktivitetar ved og på den nye idrettsplassen på Vartdal. Det er ein gjeng vartdalingar som har gått saman om arrangementet, og arrangerer i samarbeid med Bygdepride, Vartdal TIL og Sunnmøre Fotballkrets.

– Vi er takksame for initiativet frå Vartdal-bygda. Dette er noko vi set stor pris på, seier leiar i Bygdepride Ørsta/Volda, Anbjørn Steinholm Frislid i pressemeldinga.