23 tilsette mistar jobben

Legg ned Volda EMA

UDI har vedteke å legge ned Volda mottak, avdeling for einslege mindreårige. Det er løyvd midlar til drift fram til 8. mai i år.

Volda EMA vert lagt ned. 

Nyheiter

- Dette er veldig synd. 23 tilsette mister arbeidet, og mykje god kompetanse vil forsvinne, seier fungerande mottaksleiar Andre Eiksund til Avisa Møre.

Fungerande mottaksleiar ved Volda EMA, André Eiksund.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Per i dag er det tjue bebuarar ved mottaket. Tidlegare har det vore førti plassar ved Volda EMA, men dette har seinare blitt redusert. UDI har løyvd pengar til drift av Volda EMA fram til og med 8. mai, men det er framleis usikkert når nedlegginga vil tre i kraft.

- Vi vart veldig overraska over denne beskjeden, noko vår kontaktperson i UDI også var. Dette er noko som er bestmt frå høgare nivå, og det handlar om økonomi og prognosar for asylstraumen til Noreg, seier Eiksund til avisa.