SpareBank1 Søre Sunnmøre

Klar for vekst

SpareBank1 Søre Sunnmøre er på offensiven og vil vekse. Det skal først og fremst skje ved å få nye kundar på «øyane».

Nøgd: Stig Brautaset, administrerande direktør i SpareBank1 Søre Sunnmøre.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

SpareBank1 Søre Sunnmøre har hatt ein utlånsvekst på åtte prosent dei siste 12 månadane, med forholdsvis størst vekst på bedriftsmarknaden.

– Vi veks meir enn marknaden og tek marknadsandelar, noko som viser at vi er attraktive og konkurransedyktige. I 2018 hadde særleg bedriftsmarknaden ein sterk vekst, noko vi trur vil halde fram også i 2019, seier administrerande direktør Brautaset.