Fullt hus på Nico Widerberg-utstilling på Kunsthuset i Ørsta

– Vi gler oss over å kunne presentere eit godt og variert utstillingsprogram for publikum i 2019, og først ut er Nico Widerberg.

Opning: Eirik Stave (13) skapte ei flott ramme rundt opninga av kunstutstillinga til Nico Widerberg på kunsthuset i Ørsta, laurdag. Om lag 65 personar møtte opp til opninga. Nokre hadde kome eins ærend frå Ålesund for å handle kunst.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Cathrin Lid Heilund i Volda og Ørsta Kunstlag var med og opna gildet då årets første utstilling vart opna på kunsthuset i Ørsta laurdag.

Kunstnaren sjølv var hindra frå å kome, men det stoppa ikkje publikum. Om lag 65 personar fann vegen inn under sjølve opningshøgtida, der Eirik Stave (13) imponerte med klassisk pianokonsert som del av opninga.