Fryktar framtida med pelsdyrforbod

– Det verste med situasjonen no er uvissa. Kanskje vert resultatet at vi må flytte, seier Jetmund Øye, ein av to aktive pelsdyrfarmarar som er att i Norangdal.

Jetmund Øye fryktar for framtida på Øye dersom han må leggje ned garden.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det er ikkje meir enn to år sidan det var optimisme i næringa. I 2017 sa Stortinget at næringa var liv laga, etter at det hadde vore ei eiga statleg utgreiing om næringa si framtid.

Men i januar i fjor endra brått alt seg. I samband med at Venstre skulle inn i regjeringa, vart det forhandla fram ein ny regjeringsplattform som sa at næringa skulle avviklast innan 2025.