KrF i Volda

– Heller Volda enn Ålesund sjukehus

– Vårt primære standpunkt er at Mork rehabiliteringssenter skal bestå. Men skulle det verte lagt ned, må rehabiliteringstilbodet heller flyttast til Volda enn Ålesund sjukehus.

Desentralisering: Heller nytt rehabiliteringstilbod på Volda sjukehus enn i Ålesund, seier Volda KrF og Arild Iversen.  Foto: Janne-Marit M. Falch

Nyheiter

– Det seier Arild Iversen i Volda Kristeleg Folkeparti. Måndag var det årsmøte i Volda KrF, og der vart det vedteke ei fråsegn som støttar Mork-senteret.

I fråsegna vert det teke utgangspunkt i rapporten frå faggruppa som foreslår ei nedlegging av Mork rehabiliteringssenter i 2020 og rehabiliteringssenteret i Aure frå 2019.