Tilsette i Molde og Ålesund er uroa

– Bevar tilbodet ved Mork og Aure

Nevrologer, fysioterapeutar, sjukepleiarar, ergoterapeut, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og logoped ved Nevrologisk avdeling i Molde og Ålesund ber om at tilboda ved Aure og Mork vert bevart.

  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Det kjem fram i ein uttale frå dei tilsette ved avdelingane i Molde og Ålesund.

– Tilsette ved Nevrologisk avdeling Helse Møre og Romsdal i Molde og Ålesund er bekymra dersom moglegheita for spesialisert nevrorehabilitering reduserast i fylket. Vi har i ein årrekke samarbeidet godt med Aure Rehabiliteringssenter og Mork Rehabiliteringssenter. Dette gjeld nødvendig oppfølging av blant anna pasientar med akutte slag, MS og Parkinson sjukdom.


Slik skal Mork senter erstattast

Oppbygging i Ålesund, videokonferansar og betre kommunalt tilbod

Oppbygging ved sjukehuset i Ålesund. Effektivisering ved bruk av telemedisin, og auka ansvar til kommunane. Slik vil arbeidsgruppa spare pengar på rehabilitering i Møre og Romsdal.


– Spesialisert rehabilitering er aktuelt der skade i hjernen og nervesystemet er uttalt, der potensialet for betring er stort og der det er behov for spesialisert medisinsk oppfølging over tid i et tverrfagleg miljø.


Vil samle rehabiliteringstilbodet i Ålesund

Foreslår nedlegging på Mork i 2020

Arbeidsgruppa som har sett på spesialisert rehabilitering i Helse Møre og Romsdal foreslår å samle rehabiliteringstilbodet i Ålesund. Om styret vil gå inn for dette vil Mork rehabiliteringssenter bli lagt ned i 2020.


Rehabilitering av slike pasientar vil bli ei stor utfordring i den kommunale rehabiliteringa ifølgje dei tilsette.

– Her har vi etablert ein fornuftig arbeidsdeling der pasientar med lettare funksjonssvikt reiser heim til kommunal rehabilitering, de med betydeleg funksjonssvikt og betringspotensiale følgjast opp i institusjon ein periode.

– Akuttbehandling av nevrologiske pasientar i sjukehus, etterfølgt av spesialisert rehabilitering ved Mork eller Aure, ser vi på samanhengande nødvendige tenester for betring av funksjonsnivå. Vi ser derfor behovet for at begge desse institusjonane framleis kan vareta spesialisthelseoppgåver. Spesialisert nevrorehabilitering gir ein betydeleg helsegevinst.


- Politikarane må på bana i Mork-saka

I 2003 vart Knut Engeset i Volda lagt inn på Mork rehabiliteringssenter. Han kom gåande ut frå institusjonen. No ser han at instutosjonen igjen er truga.


Dei tilsette meiner at Helse Møre og Romsdal risikerer å gje innbyggjarane eit betydeleg dårlegare tilbod innanfor spesialisert nevrorehabiliteringstilbud enn elles i landet, dersom tilboda ved Aure og Mork forsvinn.