Ville kjøpe skytevåpen – er no varetektsfengsla

Ein mann i 20-åra er varetektsfengsla i fire veker etter at han mellom anna annonserte ønske om å kjøpe skytevåpen på internett.

Fengsla: Ein mann i 20-åra er sikta for fleire brot på straffelova og våpenlova. No er han varetektsfengsla i fire veker. 

Nyheiter

Ifølgje fengslingsavgjerda frå Sunnmøre tingrett vart mannen arrestert av politiet i slutten av januar. Han er sikta for brot på mellom anna straffelova og våpenlova. Politiet ønska å fengsle mannen i fire veker, og har no fått medhald av Sunnmøre tingrett.