Slik skal Mork senter erstattast

Oppbygging i Ålesund, videokonferansar og betre kommunalt tilbod

Oppbygging ved sjukehuset i Ålesund. Effektivisering ved bruk av telemedisin, og auka ansvar til kommunane. Slik vil arbeidsgruppa spare pengar på rehabilitering i Møre og Romsdal.

Nedleggingstruga: Rehabiliteringstenesta kan verte omorganisert, og med det kan Mork rehabiliteringssenter verte nedlagt.  Foto: Janne-Marit M. Falch

Nyheiter

Ei hurtigarbeidande faggruppe la måndag fram ein rapport om spesialisert rehabilitering i Møre og Romsdal. I føringane frå gruppa ligg det at rehabiliteringssentera på Mork og i Aure skal leggast ned innan 2020.