Fylkesårsmøta

Frp og Høgre vil ha drift på Mork

Både Høgre og Frp hadde fylkesårsmøte i helga, og på begge møta vart det vedteke fråsegner til støtte for Mork rehabiliteringssenter
Nyheiter

I Framstegspartiet si fråsegn heiter det at ei nedlegging av Mork rehabiliteringssenter vil gje samfunnsøkonomiske konsekvensar og konsekvensar for enkeltmennesket som er råka av hjerneslag og andre sjukdommar og skadar.

– Mork tilbyr ei spesialisert rehabiliteringsteneste som kommunane ikkje kan gje, og som kommunane heller ikkje har høve til å byggje opp, heiter det i fråsegna.

Frp i Møre og Romsdal peikar på at spesialisert rehabilitering i nærmiljøet gjer at det vert god samhandling mellom oppfylgjande teneste i dei nærliggande kommunane og spesialistar frå rehabiliteringssenteret.

– Denne samhandlinga gjer at pasienten får eit godt tilrettelagt tilbod i kommunen, og får nytta eigne ressursar på best mogleg måte. Dersom Mork vert nedlagt mister pasientane eit tilbod som dei ikkje kan få andre plassar. Mork gir spesialisert rehabilitering over tid. Pasientar som er lagt inn på Mork som institusjonspasientar vert i mange høve utskrivne som heimebuande.

Vil råke negativt

Pasientar råka av hjerneslag mister spesialisert kompetanse bygd opp over 36 år, heiter det.

Frp meiner at ei nedlegging av Mork vil ramme både kommunane og helseføretak på Nordvestlandet negativt.

– Pasientar som ikkje får spesialisert rehabilitering vert forbrukarar av helsetenester på ein langt meir omfattande måte enn pasientar som gjennom spesialisert rehabilitering kan klare seg med eit minimum av helsetenester.

Samhandlingsreforma har eit mål om at spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta skal tilby ei samla god teneste til pasientane. Nedlegging av Mork rehabiliteringssenter vil bryte med denne intensjonen, heiter det i fråsegna.

Høgre

Også Høgre i Møre og Romsdal tek opp stoda for rehabiliteringstenestene i ei fråsegn.

– Møre og Romsdal Høgre krev at funksjonane rundt rehabilitering og psykisk helsevern ikkje vert overført til kommunane utan at kommunane har fått tilstrekkelege kompetansemessige og økonomiske ressursar. Det er her viktig at storleiken på kommunen og demografiske utfordringar vert teke med i vurderinga, heiter det i fråsegna.