Avgiftsparkering frå hausten

Trongt: Det er kamp om parkeringsplassane ved Høgskulen i Volda. Arkiv  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Volda kommune og Høgskulen i Volda er samde om ein intensjonsavtale om å leige inn ein konsulent som skal vurdere avgiftsparkering ved Høgskulen i Volda.

Det er tidvis «kaotiske tilstandar» når det gjeld parkering, står det i saka.

Saka skal opp i formannskapet i Volda 5. februar.

Avtalen skal medverke til å realisere ei ordning med avgiftsparkering på Høgskulen i Volda sitt område. Målet er at ordninga kan setjast i verk frå haustsemesteret 2019.

Driftsmodell må avklarast i løpet av våren 2019. Dei ser føre seg tre løysingar: 1. Høgskulen tek seg av drifta. 2. Etablering av eige selskap. 3. Drifta vert sett vekk til eit parkeringsselskap.

Eit mogeleg overskot skal øyremerkast utvikling av campus.