94 mill i pluss for SpareBank1 Søre Sunnmøre

SpareBank 1 Søre Sunnmøre leverer eit godt kvartal og årsresultat.

Nøgd Administrerande direktør Stig Braautaset i SpareBank1 Søre Sunnmøre.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Årsresultatet for 2018 ( overskotet) var på 94,2 millionar kroner, viser ein førebels årsrekneskap. I ei pressemelding omtalar banken 2018 som eit godt år.

– I ei periode der vi har investert i effektivisering og omstilling, og har hatt ekstraordinære kostnader knytta til dette, er det gledeleg å konstatere at vi har lagt bak oss eit godt år. Vi har klare målsetningar om å bli ein kostnadseffektiv bank med inntektsvekst og låge tap. Tala for 2018 viser at vi er på god veg, noko som kjem både eigenkapitalbeviseigarane og lokalsamfunnet til gode, seier adm. direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Stig Brautaset.

Sterk utlånsvekst og låge tap
SpareBank 1 Søre Sunnmøre har hatt ein utlånsvekst på 8 prosent dei siste 12 månadane. Denne fordelar seg på 6,8 prosent på personmarknaden, og 14,6 prosent på bedriftsmarknaden.

– ­­­Vi veks meir enn marknaden og tek marknadsandelar, noko som viser at vi er attraktive og konkurransedyktige. I 2018 hadde særleg bedriftsmarknaden ein sterk vekst, noko vi trur vil fortsette også i 2019, seier Brautaset.

Tap på utlån er vesentleg redusert i 2018 samanlikna med 2017.

– Kvaliteten i utlånsportefølgja er god og vi forventar at det låge tapsnivået fortsetter, skriv banken i ei pressemelding.