God dag-praten med Line Lauvsnes Oddekalv

«Eg er litt uroa over at Liverpool har byrja å sleppe inn mål»

  Foto: privat

Nyheiter

Korleis er kvardagen din?

Herleg hektisk! Med ny heim, ny jobb og to små, har eg ikkje akkurat fritidsproblem. Prøver å snike inn trening og tv-sjåing mellom slaga. På sida vert det ørlite grann jobbing for ein komite som skal bidra under Bygdepride – noko eg er veldig stolt av å få vere med på.