Hivju er draumegjest

Kristofer Hivju og Gry Molvær Hivju besøkjer Høgskulen i Volda.

  Foto: Foto: Morten Quale

Nyheiter

Ekteparet er hovudgjestar og skal halde foredrag under markeringa av Internasjonal dag 6. februar. Den verdskjente skodespelaren vart stemt fram som studentane sin draumegjest. 

Det vert Hollywood-sus over årets Internasjonale dag på Høgskulen i Volda, med ekteparet Kristofer og Gry Molvær Hivju som hovudgjestar og foredragsholdarar. 

- Vi ønskjer foredraget skal inspirere studentar og tilsette ved Høgskulen til å vurdere å reise utanlands, sjå verdien av internasjonale erfaringar og impulsar, og våge å tenke litt stort. I så måte er ekteparet Hivju perfekte inspirasjonskjelder, seier Iulia Beleuta og Marthe Osmundsen ved Internasjonalt kontor på Høgskulen i Volda. 

Dei avslører at studentane svara på ei undersøking etter fjorårets dag, der dei fekk stemme fram sin draumegjest. Der vann Kristofer Hivju med klar margin.

- Det er heilt strålande at studentane fekk ønskjet sitt oppfylt, seier Osmundsen.

Kristofer Hivju har hatt suksess i rolla som Tormund Giantsbane i HBO-serien Game of Thrones. Han er også kjent frå rollar i mellom anna Fast and the Furious, The Thing, After Earth og Beck. Han studerte teaterkunst ved Det statlige russiske akademi for teaterkunst i Danmark.

Gry Molvær Hivju kjem frå Sula, og har sjølv studert ved Høgskulen i Volda. Ho har både medieutdanning, statsvitskap, internasjonal politikk og kunstfag på CV-en. Ho har ei lang og variert karriere innan forskingsjournalistikk, foto og dokumentarfilm bak seg. Molvær Hivju har vore juryleiar for Kulturdepartementets nynorskpris i åtte år, og har vunne Kringkastingsprisen, Folkeopplysningsprisen og ei rekkje språkprisar.