Kyrkjevalet

Konservative kristne med eiga liste

Det vert arbeidd for å stille ei liste for konservative kristne til kyrkjevalet.

Til Ørsta: Ekteparet Jo Hedberg og Ingjerd Breian Hedberg kjem til Ørsta for å verve kandidater til Bønnelista. Pressefoto 

Nyheiter

Bak initiativet til den såkalla Leiar for Bønnelista er Jo Hedberg. Han kjem til Ørsta onsdag saman med kona Ingjerd for å verve kandidatar til ei eiga lista i Ørsta.

– Bønnelista skal stille lister i alle bispedømme, men har til no få kandidatar. Derfor reiser vi til kyrkjer og bedehus på Vestlandet, for å leite etter potensielle kandidatar som deler Bønnelista sitt kyrkjesyn, seier Åsmund Brøvig som er sekretær for Bønnelista.

Bønnelista skal vere ein motpol til Åpen Folkekirke.

– Vi vil stoppe liberaliseringa av kyrkja. Bønnelista blir dermed det tredje alternativet ved årets kyrkjeval. I tillegg til Åpen Folkekirke finst også framleis Nominasjonslista, trass i at store deler av Kyrkjemøtet vil fjerne denne lista og innføre eit reint partival, seier Brøvig

Åpen folkekirke var den store vinnaren ved førre kyrkjeval.

– Med Bønnelista vil veljarane få eit tydeligere val. Bønnelista på den konservative fløya, Nominasjonslista i midten med begge syn og Åpen Folkekirke på den liberale sida, seier Åsmund Brøvig.