LIkevel vinterstengd?

Vil ikkje betale for å brøyte i Aldalen

Rådmannen i Volda meiner kommunen ikkje bør løyve meir pengar til å ha vegen over Aldalen vinteropen.

Vinterstengd? Det er uvisse knytt til om vegen Vatne–Hunnes vert brøytt i heile vinter. Arkivfoto 

Nyheiter

Statens vegvesen og Volda kommune har sagt opp ein gammal avtale om brøyting av vegen over Aldalen. Men sidan Rotsethorntunnelen er delvis stengd om kvelden/natta har det vore lagt opp til ei løysing for komande vinter.

Vegvesenet har løyvd 100.000 kroner til å brøyte denne vinteren, og har lagt opp til at også kommunane skal bidra.

Rådmannen i Volda meiner Statens vegvesen har ansvaret, sidan det er arbeidet i Rotsethorntunnelen som utløyser behovet for vinterope mellom Vatne-Hunnes.

– Saka handlar om Volda kommune skal bruke av eigne ressursar for å opne opp for eit betre tilbod enn det staten som vegeigar har lagt opp til, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

Han viser til den økonomiske situasjonen i kommunen, og rår politikarane til å seie nei.

– Ut frå ei samla vurdering finn administrasjonen å rå til at ein held vegen open så lenge det finst midlar frå Statens vegvesen for deretter å stenge vegen fram til vintersesongen er over, skriv rådmannen.