Hund på rømmen i Volda

Nyheiter

Ein hannhund stakk av frå heimen sin i Volda laurdag ettermiddag i femtida.

Hunden er ei blanding av engelsk setter og vorsteh. Den er svart- og kvit-flekkete og hovudet er svart.

Hunden er 2,5 år gammal og har ikkje band på seg. Dersom nokon finn hunden, oppmodar politiet dei om å ta kontakt på 02800 slik at hund og eigar kan møtast igjen.