Nye Volda kommune vil nytte Volda sjukehus

- Folk skal ikkje vere i tvil om kva sjukehus dei skal til, seier Hornindalsordføraren

  Foto: Janne-Marit Myklebust

Volda sjukehus.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Av Roger Oldeide/Fjordingen

Under møtet for fellesnemnda for Nye Volda kommune torsdag vart mellom anna helseforetaksgrensa vedtatt. Tilrådinga var at Nye Volda kommune vil nytte Volda sjukehus som nær/akutt-sjukehus.

- Fylkestilknyting og kommunesamarbeid gjer at Volda sjukehus bør ligge under Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge også framover. Nye Volda ber derfor Helse Midt-Norge justere føretaksgrensa slik at Nye Volda blir ein del av Helse Midt-Norge RHF, heitte det av tilrådinga.

Understreka

Under handsaminga fremja Dan H. Bjørneset (H) synspunkt om at vedtaket i større grad burde understreke viktigheita for regionen å ha Volda sjukehus og dei tenestene det har.

Fellesnemda vedtok samrøystes Bjørneset sitt tekstlege tilleggspunkt;

- Volda sjukehus er avgjerande viktig for helsetilbodet og beredskapen for innbyggjarane i regionen. Volda sjukehus yter gode og effektive tenester og Fellesnemnda ber om at tilbodet ved Volda sjukehus vert oppretthalde.

Volda kommune har ved fleire høve bedt om faste møter med helseføretaket utan å få svar, og Fellesnemnda ber om eit slikt møte kjem i stand i nær framtid, heiter det i vedtaket.

- Skal ikkje vere i tvil

Hornindalsordførar Stig Olav Lødemel viser til at Nordfjord sjukehus på Eid, som i dag er nærsjukehuset for Hornindal, ikkje har kirurgi- eller fødetilbod.

- For fødande er det avtale med Volda i dag, men ved akutte kirurgiske tilstandar skal innbyggjarar i Hornindal til Førde som er over to timar unna. Det er hårreisande at næraste ambulanse reiser til Førde og blir borte frå området i over fire timar, fortel Lødemel.


Frå 2020 vil altså Helse Midt-Norge si foretaksgrense gå ved fylkesgrensa og oppheve all tvil om ambulansane sin destinasjon.

- Blir ein henta av ambulanse i Hornindal, så køyrer den til Volda. Sjølv om ambulansen kjem frå Stryn. Folk skal ikkje vere i tvil, seier Lødemel til Fjordingen.

Saksframlegget minner om at i intensjonsavtalen mellom Volda kommune og Hornindal kommune står det at den nye kommunen skal «Arbeide for at Volda sjukehus vert vidareutvikla som eit velfungerande lokalsjukehus med gode akuttfunksjonar, herunder akuttkirurgisk beredskap og fødeavdeling for regionen.