Status for leitinga:

Søk og etterforsking held fram etter Maja

Sakna: Polske Maja Justyna Herner (25) har vore sakna i Ørsta sidan 21. november. Pressefoto/Politiet  Foto: Politiet

Nyheiter

Politiet held fram arbeidet for å finne den sakna Maja Herner, opplyser politiet i ei pressemelding fredag ettermiddag.

- Torsdag 10. januar var to spesialtrente hundeekvipasjar frå Møre og Romsdal politidistrikt oppe i terrenget for søk. Dei avslutta sitt arbeid utan at det denne gongen vart gjort funn av interesse, heiter det i meldinga.

- Hundane som var i bruk torsdag er spesielt sertifiserte for å søke etter omkomne. Oppdraget deira vart utført etter at politiet fekk inn fleire interessante tips om observasjonar av fugl over bestemte punkt i landskapet, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad som leiar etterforskinga.

- Den taktiske etterforskinga vil halde fram på nyåret. I ei slik etterforsking der nokon er sakna, vil ein del av politiet sitt arbeid vere å kartlegge den sakna sine bevegelsar og kontaktar. Innhenting av digitale spor og gjennomgang av desse er også ein sentral del av politiet sitt arbeid. Det er dette arbeidet som no held fram. Heilt frå 21. november då Herner vart meldt sakna har politiet undersøker breidt og ikkje låst seg til teoriar om kva som har skjedd henne. Politiet har ikkje haldepunkt for at det har hendt noko straffbart.

Publikum

- Vi set stor pris på at publikum har halde eit vakent auge med fjellsidene ovanfor Ørsta og tipsa oss. Dette er ein kontakt vi ynskjer å halde fram med. Søksarbeidet til politiet er ein pågåande prosess der vi er avhengige av at vi får inn tips frå publikum.

- Gjentekne observasjonar av til dømes fugl over bestemte punkt i terrenget vil vi gjerne vite om. Dei som observerer noko som kan settast i samband med den sakna, må merke inn på kartet så nøyaktig som mogleg og gi ei melding til oss.

Ferstad stadfestar at politiet har vore oppe i terrenget med jamne mellomrom med patruljar heilt sidan 25. november, då redningsfasen vart avslutta og ein gjekk over til "søk etter antatt omkomen".  Politiet fylgjer no opp og kvitterer ut aktuelle punkt for undersøkingar. Det er også sett ein plan for søk høgare opp i terrenget så snart dette er praktisk mogleg og trygt.